Medan kvardagen er godt i gang igjen i Bangalore, med yoga- og musikktimar, vertsfamilieliv og anna snax, vandrar tankane stadig tilbake til to herlege påskeveker langs Indias vestkyst. Lasta med bikini og faktor 20, reiste vi først til Kerala i sør, for å leve fullt ut Backwaters-draumen, med 22 timar husbåtdriv i dei idyliske kanal- og innsjølabyrintane som smyg seg frå kysten ved Cochin og innover i landet. Etter dette reiste vi nordover til Backpacker-paradiset Goa, for å nyte kvite strender og palmesus, med sine mange solbad, saltbad og nattbad, samt litt Goa-trance og kanskje ein mohito eller to…?
Eg har hovudet fullt av “stopp-tida-ein-augneblink-bileter”, men kameraet er uvanleg tomt. Her er likevel ein liten smakebit frå livet under den indiske påskesola.
Nydelege Backwaters:
Goastrender:
Morgonstund:
Slik kan ein leve:
Stadig på reisefot:
I Goa fant eg eit vakkert delfinarmband. Og eg var stolt eigar ein heil dag, før det på underleg, mystisk vis vart borte i svart natt og bølgjesus. Etter dette handla Goa turen, frå Palolem i sør til Anjuna i nord, i stor grad om å finne noko som kunne ertstatte mitt store tap. Og på loppemarkedet i Anjuna dukka delfinarmbandet opp igjen, slik delfinar ofte gjer; like plutseleg som det forsvann. To delfinar hadde da blitt til tre – slik som også ofte skjer i sjul. Og dette fullendte mitt Goa-eventyr . Men berre for denne gongen.















