Etter tilsaman over fire månader som bebuar i National Games Village sine grå murblokker, kjenner eg at det er på høg tid å fortelje meir om dette vesle samfunnet eg er blitt ein liten del av. På folkemunne kallast dette boligområdet NGV, og det er ein del av den hippe “kaffebar-bydelen” Koramangala. Ein stad fyllt opp av unge, velutdanna inderar, med gode familiar og IT-jobbar. Plassert i det søraustlege hjørne av millionbyen Bangalore sitt sentrumsområde, har ein her rask tilgang på alt ein skulle ynskje av merkevarebutikkar, fancy restaurantar, teater og kino med engelsktalande underhaldning, store kjøpesentre, og eigentleg alt anna som er typisk vestleg, velståande, reint og dyrt, og også utilgjengeleg for det store fleirtalet.
“Spanande” tenkte vi ein dag, og ut på tur aldri sur: “Let’s explore Koramangala!”

I ei lita bakgate fann vi eit musikksenter. Her arrangerast konsertar med lokale band annankvar fredag. Eg planlegg turné.

sykkel er eit ganske handy framkomstmiddel, i den knutete Bangalore-trafikken som omringar Koramangala
Slik kan ein altså leve – til og med i India. Men trass breie gater og grøne boligstrøk er det ikkje fritt for indisk touch. Dei fyrste vekene eg budde i NGV sov eg ganske så dårleg om natta, grunna typisk indiastøy, som kranglande, ulande laushundar, bilryggelydar og trafikklydar generelt. Sjølv her blandt kaffibarar og dyre vegetarbutikkar, finn ein små sjapper eller traller med chai, frukt og anna småsnaks til sals, og hotellrestaurantar med middag for under ti-kroningen. Det er ikkje noko reinare eller meir søppelfritt her enn i andre område av byen. Og menneske- og trafikkmengda er overveldande – til og med samalikna med Karl Johann ein laurdagsføremiddag.
Men underleg, besynderleg nok; i ein slik miks kan visst mitt blå hjarte trivest ganske så godt.
next: chai latte på mocha og middag på Gangotri hotel







17/03/2010 at 5:43 pm
Flott at du ville fortelje litt om korleis og kvar du bur. Du er så flink til å skrive!
klem