Ti dagar med steikande, brennheit sol og radierande skuggar er over. Risen og chillicurryane er fortærte og ute av kropp – skjønt tunga framleis prikkar forsiktig. Armane er framleis raudleg brune. Og svarte bein forblir nok svarte nokre månader til. Men sjølv når alt er på plass og tilbake i kvardag, sitt framleis det heile brent fast i minnet. Limt på plass av det heilt spesielle i inntrykka og opplevingane. Etter desse dagane, blandt godt skjerma stammebefolkning mitt i India, i Manigargh hills i Maharashtra – på studie/forskings-tur med Masters of Social Work studentar frå Christ university – er det vanskeleg å vite kva ein skal seie, som kan gje dei som les eller lyttar ei liknande kjensle. Levande kultur: dans, song og trommer blanda med fargedans av hoppande, trampande sariar. Kvite smil og latter, med lett tilgjengelege bekymra eller undrande blikk. Klamme soveposar på harde steingolv, og indisk bollywoodvekking av artig irriterande naboguttar. Alt går på repeat bak auga mine. Her er nokre små augneblinkar av det heile, underlege.
Sekundet tek ein runde ekstra på skiva av figurar ingen verker å forstå noko av. Nokre ler. Nokre flørtar mildt. Eller berre tøysar kanskje. Sekundet hoppar over ein runde. Og ein til. Det gjespar. Eg pirkar i sand med tåspissen. Ser på himmelen. Leiker med ein maur. Den er maurette; rask, effektiv og målretta. Eg sukkar. Sekundet dreg litt på det. Orkar ikkje å hoppe vidare. Men gjer eit forsøk, for å hamne i ei lita grøft under ni. Eg trampar. Trampe – klappe. Tre på fire blir enkelt. Trampe – klappe. Fire på tre hoppar etter. Acomplished! Let’s go! Eg seier det. Og eg ser meg rundt. Nokre kjemmar håret. Kammar, formar, kammar, slepp. Dreg forsiktig i svart glansmagi. Blikket mitt sitt fast i fargespelet. Sekundet ser også på. Litt engsteleg no. Det hoppar forsiktig. Litt meir. Meir intenst. Og byrjer å springe. Mange rundar, rundt og rundt. Fort! Men ingen ser opp. Og eg kjenner at eg forstår meg på sekundet. Ettersom det kjem rullande djupe lydar frå magen min. Og eg prøver å trampeklappe, men energien er blitt borte. Eg hamnar ein stad mellom to på tusen. Og kjensla er ikkje ny. Sekundet har som vanleg gitt opp. Det ligg og døsar under tolv, medan minuttet held fram i den daglege rutina. Rundt og rundt. Vi ventar.
Overjordisk varme sig over gulna åkrar, mellom små trehytter, og legg seg tungt i alle skuggar. Eg radierer som ein varmeomn og drøymer slappt om hengekøyer og is-kaffe. Men omkring meg skjer eit energisk opptog. Ein dans av latter over hippe rytmar. Eit samensurium av augneblinks energi. Noko kalla India. Eller kanskje indisk by-ungdom – for å vere heilt korrekt. Eg er fanga i eit køyretøy. Pressa inn mellom ti, eller kanskje var det hundre, oversukra menneske. Skjønt, eg kan ikkje minnast at frukost-chaien var så søt. Det humpar i over 100 km/t, over steinrøyser og hengemyrer. Noko dytter, eit ler, eg smiler – seier hei. Ler. Hugsar ikkje lengre kven som sa kva. Heng ikkje med – på notar, akkordar, rytmer, direksjon. Eg svevar i ein tynn tråd frå verkelegheit og jordnært, mot mitt eige tankehav. Om eg slepp taket, forsvinn kanskje tyngdekrafta, og da er eg fortapt. Så bråstoppar alt. Eg sit heilt stille nokre sekund, åleine igjen på eit fuktig sete, før eg fumlar meg ut i soltyngda. For å møte eit ny verd. Ei boble av stillheit, ro, og døsige søleveggar.
To kvinner sit i lotus på ei fletta stråseng, i lindrande skugge under tak av bambus. Dei døsar mest, berre avbrutt av utveksling av små, uforståelege ord. Det klirrar i øyre og nesepynt, då ei av dei viftar bort ein liten flogesverm frå den djupraude kjolekanten, og rettar litt på det flagrande sjalet, som skjermar mot sol og vind. Net då dette skjer rundar eg det vesle huset dei sit utanfor, samansett av røft tilforma trestokkar, og golv og veggar av tørka gjørme. Kvinnene ser på meg med forbausa, mørkebrune blikk, før dei, lite vellykka, prøver å skjule krittkvit knising, då eg nærmar meg med eit forsiktig smil. Ein bitteliten to-åring kjem fornøgd, babblande og stabbande over dørstokken, men gøymer seg raskt i kjolekanten til den yngste kvinna, då han ser meg. Nokre stjålne blikk av lysande forundring fører til nervøs gråt. Og eg set meg forsiktig ned på ein trestokk. Sola steiker. Og sjølv om skuggen frå stråtaket lindrar mot dei verste strålane, radierar det ei klam varme frå bakken rundt meg. Det er stille. Berre avbrutt av fjerne dyrelydar og barnelatter, leikande hyl eller smålei gråt. Før seriøs småsnakk tek til, då MSW-studenten ved mi side tek fram skinnande ark med hjelpsame spørsmål, til undring og ettertenksomheit.










03/03/2010 at 12:09 am
Ingrid, du skriver fiiint…. herlig sammendrag!
03/03/2010 at 6:51 pm
SPANANDES!
04/03/2010 at 6:58 am
Hei Ingrid!
Jeg leser stadig vekk her og der ser ut som du har det så fint. Jeg vil ut å reise kjenner jeg med en gang jeg går inn på bloggen din. Men snart skal jeg besøke Michelle i Ghana.
Såvidt jeg husker hadde du vel nettopp bursdag! Gratulerer!
Jeg har begynt å blogge igjen, og du har fått helt egen link.
05/03/2010 at 6:56 pm
Skulle ønske eg kunne kome å besøkje deg; altså at eg hadde hatt tid og pengar. Vi MÅ nok reise til India saman ein gong. Og oppleve…!
06/03/2010 at 7:14 pm
Ingrid, du skriver så nydelig fint! Jeg får lyst til å sette meg på et fly til India med en gang og bare oppleve sammen med deg.
Det får nok bli med å dele opplevelser fra to forskjellige kontinent langt borte, i uke 29, akkompagnert av en tekopp på Rød. <3