Anten du har vore i India eller ikkje, så ber du kanskje på eit bilete av dette landet som særs fargefullt. Det var i alle fall ein av mine sterke idear om India før eg kom hit. Og framleis er det noko eg ofte tenkjer, her eg vandrar rundt i solsteiken blandt rosa hus og knall-grøne sarier. Eg døyper da ikkje bloggen min “new colours” utan grunn. Eg trur nemleg ein blir meir fanga av nye fargehav her i India enn nokon annan stad. Men aldri før, i løpet av mine snart fire månader her, eller i mitt liv for den del, har eg opplevt så mykje fargar og så mykje energisk fargespreiing, som det denne dagen har bydd på.
For i dag er det Holi. Fargefestivalen. Og eg har verkeleg fargar overalt! Ikkje berre på armar, andlet og hår, men på puppar og lår, inni øyrer og nese, og i lunger og magesekk. Rett og slett overalt har fargen sett seg – som superlim – som blåbærsaft. Og den vil ikkje for nokon pris skrubbast vekk. Eg er rosa på haka og gul på magen.
Saman med dei frivillige i CSA holdt vi høgt tempo i fleire timar, i krig mot nabobarn og portvakter, og no er eg heilt ferdig i heile meg. Det er nok på høg te-tid. Men vi hadde det verkeleg kjekt der vi erobra NGV-parken med fargepulver, vatn, bøtter og bråk. Til slutt fekk eg servere mine heimelaga ladoos som “refreshments”, for å toppe det som allereie var smilande glede med sukkersøt magi.
Så fint det er i fargeriket:









