…og tre veker har segla forbi som i storm, over eit hav av nye inntrykk og opplevingar. Bangalore er framleis den same gamle, nye, rare, styggfine staden. Eit virvar av menneske, og laus-dyr, trafikk og gatehandel, IT-bedrifter og universitet, og alle dei ukjende, sursøte luktene og lydane som høyrer med til eit slikt kaossystem. Storbylivet og mi rolle i det heile, som FK’ar, hos CSA, i selskap med frivillige og med-FKarar, busett i ryggelydenes paradis; NGV, er også som før. Men likevel noko nytt. Noko eg ser fram til å leve vidare med, og hente ut alle goder frå, nokre månader til.
Her eg sit og kjenner dei varme gufsa frå vindauget leike sisten over ryggen min, mot takvifta sine kalde straumar, undrar eg på om desse tre vekene kanskje har vore nokre av dei mest innhaldsrike i mitt liv. Frå døgnville togturar og lasteplan-transport og mykje golvsøvn, varme, svette, støy og venting. Til politiavhøyr, spørreundersøkningar og cultural-eventar i nokre dei mest bortgøymte og gløymte områda ein kan finne her i verda. I selskap med pizzahut-opplevingar, nattevandring i kjæresteparkar og puja-deltaking i nyopna treningsstudio. Det er ikkje ofte tempoet går så raskt, og svingane er så brå som her. Og det er lett å forstå at “ja! – eg er verkeleg tilbake i India”, når eg studerar mangfaldet i den ubestemmelege “timeplanen” desse vekene har bestått av.
Men, så fint!
når det er slik eg hugsar det, var det kanskje litt for varmt?

25/02/2010 at 7:44 pm
Så spanandes! Gler meg til å få snakka litt med deg.
)