Det er tidleg morgon og Bangalore, og på hjørnet av NGV-gate, praiar fire fredskorpsarar ein tilsynelatande uskuldig rickshaw-sjåfør.

”Christ college! Four people = metre and a half, Sir!?” Ropar vi i kor, for å overdøyve trafikkmaset som omringer oss. Sjåføren rister/nikker med hovudet på indisk, “ubestemmeleg” vis, og vi hiv oss inn. Farkosten tek ein usving og krysser vegen, utan å nøle eit sekund med tanke på trafikken som strøymer på frå begge rettninger.

Ein buss kjem mot oss i venstre køyrefelt, i full fart utan planar om å stoppe for noko eller nokon. Sjåføren vår gir gass, og vi susar rett mot det som kjem til å bli vår ende, der buss møtar rickshaw. Eg knip at augo og tenkjer mine siste tankar. Etter 10 sekund opnar eg dei igjen. Bussen har for lengst passert, bak oss, og vi er på veg rett mot muren som delar vegen i to felter.
Woooooops! Gulper vi alle, då vi akurat svinger unna dagens andre nestenulykke. Køyreturen har hitil tatt oss med ca 50 meter.

På den trafikerte gata mot Forum er det mykje å følgje med på. Tre personbilar kjem ut i vegen frå venstre og skal same veg som oss. Rickshawen vår svingen over i høgre felt for å gjere køyreplassen litt større. Enkel sak. Mot oss kjem ein buss. Vi speedar opp, og svinger akurat over i venstre felt, for å kjenne bussen snitte vårt vesle framkomstmiddel, med eit brak av bussstøy. Ein mann spring over vegen, og reddar seg frå vårt skarpt roterande framjul med nokre hundredelssekund margin. Ei velkjend kjensle av stikking i øvre ryggmusklatur kjem snikande. Eg klemmer ekstra hardt rundt veska mi. Kan dette gå bra? Vi er ikkje ein gong halvvegs.

Resten av turen opp til kjøpesenteret Forum er eit virrvarr av forbikøyringer, snitting av busshjul og bakspegelar, konkuransekøyring med tre rickshawer i breidda på eit køyrefelt, stadig bytting av køyrefelt, og ein del bestemte yttringar frå baksetet, for å unngå unødvendige svippturar inn og ut av freistande sidevegar.

Sjåføren køyrer med eit bestemt, målretta og lurt blikk. Ein kan aldri vite kva ein rickshaw sjåfør tenkjer. Ofte er det ikkje lett å vite kva han seier med sin mumlande Kannada eller fumlande Engelsk. Det er eit eksosfylt, støybetent yrke, der det å lure ein kvit turist kan bety forskjellen på mett eller svolten. Så vår filosofi blir raskt: Ein kan aldri bli bestemt nok!

Forum-cross er kanskje det einaste lyskrysset i byen som fungerer (dette trudde eg i alle fall ganske lengje). Her står vi vonlegvis ikkje lengre enn fem minutt ein tidleg morgon. Men å måtte vente her opp til 10-15 min i rush-tid er ikkje utenkeleg. Denne morgonen suser vi forbi. Vi hoppar over ein forthaugskant og er på veg ut av krysset like raskt som køyrte inn i det. Bak oss kjem eit tog av gule trehjulingar. Vi speedar opp og tek snarvegen, over motkommande køyrefelt og ti meter i mot-trafikk, før vi tek ein usving over i rett felt og på rett veg, på Hosur-road. Eg byrjer endeleg å få tilbake trua på at denne morgonen ikkje er min siste.

Neste sekund hoppar heile farkosten nokre meter opp i lufta medan vi suser framover. Vi lander på bakhjula og greier akurat å manuvrere oss rundt ein skinnande svart bil, før neste hopp tek oss enda nokre meter opp og fram. – Det var sant ja, tenkjer eg. Fartshumpar! Heile byen er jo full av dei. Små, skarpe djevlar som gir gangsperre i rumpa . Den einaste fordelen med desse fartsdumpane er at dei kan fungerer som gode indikatorar på typen rickshawsjåfør. Om du hoppar tre meter opp i lufta pr. 50 meter kan du konstatere at du har funne deg ein råkøyrer. – Og, to bad for you. Då er det berre å halde deg fast å håpe du ikkje har tenkt deg gjennom heile byen akurat i dag. For ein gidd sjeldan å stoppe opp, betale minstepris på 15 rs, for så å vandre rundt i kaostrafikken på jakt etter ei rolegare sjåfør-sjel.

Så, endeleg, etter ei ny handfull nesteulykker, mang ei siste bøn og minst like mange blåmerker i baken, køyrer vi endeleg inntil gaten til Christ university. Eg kryp ut av den vesle gule raketten og retter meg opp mot den ekstremvarme morgonsola. Den kjem krypande opp bak eit lite forthaugs-tempel og lysar opp eit stort grønt skilt, så det glittrar i dei treffande slagorda: ”follow lane disipline” og ”please follow traffic rules”.

Medan kvardagen er godt i gang igjen i Bangalore, med yoga- og musikktimar, vertsfamilieliv og anna snax, vandrar tankane stadig tilbake til to herlege påskeveker langs Indias vestkyst. Lasta med bikini og faktor 20, reiste vi først til Kerala i sør, for å leve fullt ut Backwaters-draumen, med 22 timar husbåtdriv i dei idyliske kanal- og innsjølabyrintane som smyg seg frå kysten ved Cochin og innover i landet. Etter dette reiste vi nordover til Backpacker-paradiset Goa, for å nyte kvite strender og palmesus, med sine mange solbad, saltbad og nattbad, samt litt Goa-trance og kanskje ein mohito eller to…?

Eg har hovudet fullt av “stopp-tida-ein-augneblink-bileter”, men kameraet er uvanleg tomt. Her er likevel ein liten smakebit frå livet under den indiske påskesola.

Nydelege Backwaters:








Goastrender:



Morgonstund:


Slik kan ein leve:

Stadig på reisefot:

I Goa fant eg eit vakkert delfinarmband. Og eg var stolt eigar ein heil dag, før det på underleg, mystisk vis vart borte i svart natt og bølgjesus. Etter dette handla Goa turen, frå Palolem i sør til Anjuna i nord, i stor grad om å finne noko som kunne ertstatte mitt store tap. Og på loppemarkedet i Anjuna dukka delfinarmbandet opp igjen, slik delfinar ofte gjer; like plutseleg som det forsvann. To delfinar hadde da blitt til tre – slik som også ofte skjer i sjul. Og dette fullendte mitt Goa-eventyr . Men berre for denne gongen.

Nokre gongar må ein berre innsjå at ein blogger for sjeldan. Da er det fint at ein kan ta til takke med gode venar sine vakre skildringar:

manic monday
April 14, 2010 by stinamaria

It is a new heat record in Bangalore. 37,9 C. Inside apartment 331, block 2b, Tungabhadra, Koramangala the current is lost and the fan has stopped working. The sweat is pouring down the faces of the three Norwegian girls sitting in the livingroom, and all they can think about is how extremely hot it is. All of a sudden Ingrid comes running from the kitchen.

Ingrid: OMG! It is raining!!

Astrid and Stina: Whaaat?

Before they have time to react Ingrid is out the door with a haul of joy. Stina gets caught behind trying to put on some clothing. Running up and down the stairs not able to decide if the rainchasers went up or down she runs into Magnus. They decide the noises come from the roof and run up the stairs to steps a time until they finally reach 8th floor and find to wet happy girls dancing around.

They dance, jump, play and sing in the rain for a while. Astrid and Magnus hide in the hallway scared of the lightning, Ingrid sings “ singing in the rain” (off course), and Stina goes from pretending she knows the lyrics of “singing in the rain” to making fun of the others being scared of the lightning. All of a sudden a huge lightning scars across the sky and they all run screaming in the hallway.

Stina is not that tough anymore.

Leaded by the always sensible Magnus they decide to go back inside. They run down the stairs, soaking wet but with filled with joy. Until they reach the door.

Stina: Ehm.. its locked

Ingrid: But I told you to keep it open?

Stina: but I did. It must have blown in. Wait, I will climb over to the balcony and she if that one is open

She climbs over just to realize that one is locked to

Stina: it is locked to!

The others: F#¤%

Magnus starts banging his head towards the wall and cannot belive he is stuck outside the apartment because of these stupid girls.

Astrid: It would be good with wine now

Stina and Ingrid: JA!!! ( Stina claps her hand likes a penguin)

Stina: Magnus, you are the only one with shoes, can you go?? Pleeeease?

Magnus ( now a bit irritated): No… It is raining and it is far there.

The girls: ååhh…

Magnus: Lets go find the security guard

Stina: ok I go with you.

They run down and try to explain to the guard what happened. He wobbles his head and say he will come help them in 10 min. They go back up to the others and continue to try to convince Magnus to buy wine. He says he need some time to set his mind on being impulsive.

Two guards show up and walk over to the underdressed girls and thinking boy.

Stina: It is locked and we don’t have a key.

Guard 1: Is it locked?

Stina: yes

Guard 1 walks over to Magnus and the door and feels it

Guard 1: it is locked

Everybody: yes

Stina: We don’t have a key

Guard 1 : You don’t have a key?

He looks at Magnus

Magnus: No

Astrid starts laughing and have to walk away

Guard 1 looks at guard 2

Guard 1: It is locked and they don’t have a key

Guard 2: Hm

Guard 1: hm
The guards talk to each other in Kannada and walks off to find some keys. They come back with 10 keys and try to make them fit. Nobody fits.

Guard 1: Hm

Guard 2: Hm

Stina: So what to do? Can we call Ryan? ( the boss)

Guard 1: No

Stina: But we cant sleep out here..

Guard 1 : Yes, okioki. You sleep here and we fix tomorrow.

Stina: WHAT?

Guard 1 wobbles his head

Stina: #¤%&

At this point Astrid grabs Stina and pulls her back and tell her to calm down.

Magnus: I am going to go get wine

The guards decide they can’t do anything more and walks away. The three girls start making phone calls until they reach Ryan and he tell them he will come with the key. They knock on their neighbor door and find some nice americans that let them in. They start talking and are on the subject that all the other Americans students have partied so much in Bangalore, and the girl tell them this is the only apartment where nobody drink. This is when Magnus walks in with a bottle of red wine

Magnus: I GOT WINE!!

The girls: that’s great…

Stina to the American girl: Ehm, you want some?

American girl: I don’t drink..

Stina: Oh yeah that’s right. No we don’t drink so much either

American girl: right..

Awkward silence

They sip on their wine until they finally see a soaked Ryan standing outside the apartment with the door open

They jump up, thank the american girl and run over, thrilled to be inside

Stina: So sorry to get you up now Ryan. ( the time was 2300)

Ryan: that’s ok, but where are all your keys?

Stina: ehm. We only have one

Ryan: One? But you got 5?

Stina: ehm yeah..they are all sort of gone

Then she tries to explain the raindancing but Ryan don’t really seem to understand this. He wobbles his head and walks away.

Everybody goes inside, drink red wine eat ginger cookies ( pepperkaker) and watch a good movie with extremely bad quality.

Med andre (mine) ord, ein vakker kveld. Neste gong lovar eg å vere tekstforfattar.
Det blir ikkje så lengje til.

Etter tilsaman over fire månader som bebuar i National Games Village sine grå murblokker, kjenner eg at det er på høg tid å fortelje meir om dette vesle samfunnet eg er blitt ein liten del av. På folkemunne kallast dette boligområdet NGV, og det er ein del av den hippe “kaffebar-bydelen” Koramangala. Ein stad fyllt opp av unge, velutdanna inderar, med gode familiar og IT-jobbar. Plassert i det søraustlege hjørne av millionbyen Bangalore sitt sentrumsområde, har ein her rask tilgang på alt ein skulle ynskje av merkevarebutikkar, fancy restaurantar, teater og kino med engelsktalande underhaldning, store kjøpesentre, og eigentleg alt anna som er typisk vestleg, velståande, reint og dyrt, og også utilgjengeleg for det store fleirtalet.

“Spanande” tenkte vi ein dag, og ut på tur aldri sur: “Let’s explore Koramangala!”

På jakt etter bortgøymte skattar

I ei lita bakgate fann vi eit musikksenter. Her arrangerast konsertar med lokale band annankvar fredag. Eg planlegg turné.

Ganske flott og fancy - i ei stille (les:indisk stille) gate

sykkel er eit ganske handy framkomstmiddel, i den knutete Bangalore-trafikken som omringar Koramangala

Unngå byjungelen - få frisøren på døra

Mocha - fransk, bohemsk kaffeparadis MED internett

tunge lysekroner og piccolo-servitørar fungerer som skjold mot kaossystemet

Til slutt leiker ein i vakre NGV-park, under skuggefulle tred...

...gjerne i selskap med Peter Pan og Tingeling

Slik kan ein altså leve – til og med i India. Men trass breie gater og grøne boligstrøk er det ikkje fritt for indisk touch. Dei fyrste vekene eg budde i NGV sov eg ganske så dårleg om natta, grunna typisk indiastøy, som kranglande, ulande laushundar, bilryggelydar og trafikklydar generelt. Sjølv her blandt kaffibarar og dyre vegetarbutikkar, finn ein små sjapper eller traller med chai, frukt og anna småsnaks til sals, og hotellrestaurantar med middag for under ti-kroningen. Det er ikkje noko reinare eller meir søppelfritt her enn i andre område av byen. Og menneske- og trafikkmengda er overveldande – til og med samalikna med Karl Johann ein laurdagsføremiddag.

Men underleg, besynderleg nok; i ein slik miks kan visst mitt blå hjarte trivest ganske så godt.
next: chai latte på mocha og middag på Gangotri hotel

Ti dagar med steikande, brennheit sol og radierande skuggar er over. Risen og chillicurryane er fortærte og ute av kropp – skjønt tunga framleis prikkar forsiktig. Armane er framleis raudleg brune. Og svarte bein forblir nok svarte nokre månader til. Men sjølv når alt er på plass og tilbake i kvardag, sitt framleis det heile brent fast i minnet. Limt på plass av det heilt spesielle i inntrykka og opplevingane. Etter desse dagane, blandt godt skjerma stammebefolkning mitt i India, i Manigargh hills i Maharashtra – på studie/forskings-tur med Masters of Social Work studentar frå Christ university – er det vanskeleg å vite kva ein skal seie, som kan gje dei som les eller lyttar ei liknande kjensle. Levande kultur: dans, song og trommer blanda med fargedans av hoppande, trampande sariar. Kvite smil og latter, med lett tilgjengelege bekymra eller undrande blikk. Klamme soveposar på harde steingolv, og indisk bollywoodvekking av artig irriterande naboguttar. Alt går på repeat bak auga mine. Her er nokre små augneblinkar av det heile, underlege.


Sekundet tek ein runde ekstra på skiva av figurar ingen verker å forstå noko av. Nokre ler. Nokre flørtar mildt. Eller berre tøysar kanskje. Sekundet hoppar over ein runde. Og ein til. Det gjespar. Eg pirkar i sand med tåspissen. Ser på himmelen. Leiker med ein maur. Den er maurette; rask, effektiv og målretta. Eg sukkar. Sekundet dreg litt på det. Orkar ikkje å hoppe vidare. Men gjer eit forsøk, for å hamne i ei lita grøft under ni. Eg trampar. Trampe – klappe. Tre på fire blir enkelt. Trampe – klappe. Fire på tre hoppar etter. Acomplished! Let’s go! Eg seier det. Og eg ser meg rundt. Nokre kjemmar håret. Kammar, formar, kammar, slepp. Dreg forsiktig i svart glansmagi. Blikket mitt sitt fast i fargespelet. Sekundet ser også på. Litt engsteleg no. Det hoppar forsiktig. Litt meir. Meir intenst. Og byrjer å springe. Mange rundar, rundt og rundt. Fort! Men ingen ser opp. Og eg kjenner at eg forstår meg på sekundet. Ettersom det kjem rullande djupe lydar frå magen min. Og eg prøver å trampeklappe, men energien er blitt borte. Eg hamnar ein stad mellom to på tusen. Og kjensla er ikkje ny. Sekundet har som vanleg gitt opp. Det ligg og døsar under tolv, medan minuttet held fram i den daglege rutina. Rundt og rundt. Vi ventar.

Overjordisk varme sig over gulna åkrar, mellom små trehytter, og legg seg tungt i alle skuggar. Eg radierer som ein varmeomn og drøymer slappt om hengekøyer og is-kaffe. Men omkring meg skjer eit energisk opptog. Ein dans av latter over hippe rytmar. Eit samensurium av augneblinks energi. Noko kalla India. Eller kanskje indisk by-ungdom – for å vere heilt korrekt. Eg er fanga i eit køyretøy. Pressa inn mellom ti, eller kanskje var det hundre, oversukra menneske. Skjønt, eg kan ikkje minnast at frukost-chaien var så søt. Det humpar i over 100 km/t, over steinrøyser og hengemyrer. Noko dytter, eit ler, eg smiler – seier hei. Ler. Hugsar ikkje lengre kven som sa kva. Heng ikkje med – på notar, akkordar, rytmer, direksjon. Eg svevar i ein tynn tråd frå verkelegheit og jordnært, mot mitt eige tankehav. Om eg slepp taket, forsvinn kanskje tyngdekrafta, og da er eg fortapt. Så bråstoppar alt. Eg sit heilt stille nokre sekund, åleine igjen på eit fuktig sete, før eg fumlar meg ut i soltyngda. For å møte eit ny verd. Ei boble av stillheit, ro, og døsige søleveggar.

To kvinner sit i lotus på ei fletta stråseng, i lindrande skugge under tak av bambus. Dei døsar mest, berre avbrutt av utveksling av små, uforståelege ord. Det klirrar i øyre og nesepynt, då ei av dei viftar bort ein liten flogesverm frå den djupraude kjolekanten, og rettar litt på det flagrande sjalet, som skjermar mot sol og vind. Net då dette skjer rundar eg det vesle huset dei sit utanfor, samansett av røft tilforma trestokkar, og golv og veggar av tørka gjørme. Kvinnene ser på meg med forbausa, mørkebrune blikk, før dei, lite vellykka, prøver å skjule krittkvit knising, då eg nærmar meg med eit forsiktig smil. Ein bitteliten to-åring kjem fornøgd, babblande og stabbande over dørstokken, men gøymer seg raskt i kjolekanten til den yngste kvinna, då han ser meg. Nokre stjålne blikk av lysande forundring fører til nervøs gråt. Og eg set meg forsiktig ned på ein trestokk. Sola steiker. Og sjølv om skuggen frå stråtaket lindrar mot dei verste strålane, radierar det ei klam varme frå bakken rundt meg. Det er stille. Berre avbrutt av fjerne dyrelydar og barnelatter, leikande hyl eller smålei gråt. Før seriøs småsnakk tek til, då MSW-studenten ved mi side tek fram skinnande ark med hjelpsame spørsmål, til undring og ettertenksomheit.

Anten du har vore i India eller ikkje, så ber du kanskje på eit bilete av dette landet som særs fargefullt. Det var i alle fall ein av mine sterke idear om India før eg kom hit. Og framleis er det noko eg ofte tenkjer, her eg vandrar rundt i solsteiken blandt rosa hus og knall-grøne sarier. Eg døyper da ikkje bloggen min “new colours” utan grunn. Eg trur nemleg ein blir meir fanga av nye fargehav her i India enn nokon annan stad. Men aldri før, i løpet av mine snart fire månader her, eller i mitt liv for den del, har eg opplevt så mykje fargar og så mykje energisk fargespreiing, som det denne dagen har bydd på.

For i dag er det Holi. Fargefestivalen. Og eg har verkeleg fargar overalt! Ikkje berre på armar, andlet og hår, men på puppar og lår, inni øyrer og nese, og i lunger og magesekk. Rett og slett overalt har fargen sett seg – som superlim – som blåbærsaft. Og den vil ikkje for nokon pris skrubbast vekk. Eg er rosa på haka og gul på magen.

Saman med dei frivillige i CSA holdt vi høgt tempo i fleire timar, i krig mot nabobarn og portvakter, og no er eg heilt ferdig i heile meg. Det er nok på høg te-tid. Men vi hadde det verkeleg kjekt der vi erobra NGV-parken med fargepulver, vatn, bøtter og bråk. Til slutt fekk eg servere mine heimelaga ladoos som “refreshments”, for å toppe det som allereie var smilande glede med sukkersøt magi.

Så fint det er i fargeriket:

Colourful Isa

fargedyret Astrid

apekatten

fargeglade menneske

grønt

Tenk visst Magnus alltid såg slik ut da!

Fargen blir ein del av deg, og vil ikkje vekk

colgatereklame-glis - fine gjengen

…og tre veker har segla forbi som i storm, over eit hav av nye inntrykk og opplevingar. Bangalore er framleis den same gamle, nye, rare, styggfine staden. Eit virvar av menneske, og laus-dyr, trafikk og gatehandel, IT-bedrifter og universitet, og alle dei ukjende, sursøte luktene og lydane som høyrer med til eit slikt kaossystem. Storbylivet og mi rolle i det heile, som FK’ar, hos CSA, i selskap med frivillige og med-FKarar, busett i ryggelydenes paradis; NGV, er også som før. Men likevel noko nytt. Noko eg ser fram til å leve vidare med, og hente ut alle goder frå, nokre månader til.

Her eg sit og kjenner dei varme gufsa frå vindauget leike sisten over ryggen min, mot takvifta sine kalde straumar, undrar eg på om desse tre vekene kanskje har vore nokre av dei mest innhaldsrike i mitt liv. Frå døgnville togturar og lasteplan-transport og mykje golvsøvn, varme, svette, støy og venting. Til politiavhøyr, spørreundersøkningar og cultural-eventar i nokre dei mest bortgøymte og gløymte områda ein kan finne her i verda. I selskap med pizzahut-opplevingar, nattevandring i kjæresteparkar og puja-deltaking i nyopna treningsstudio. Det er ikkje ofte tempoet går så raskt, og svingane er så brå som her. Og det er lett å forstå at “ja! – eg er verkeleg tilbake i India”, når eg studerar mangfaldet i den ubestemmelege “timeplanen” desse vekene har bestått av.

Men, så fint!

når det er slik eg hugsar det, var det kanskje litt for varmt?

Two days on row we’ve learned to make indian food, in a training kitchen (filled up with students making Italian food) in the hotel management department of christ university. It has been a very tastefull experience, and I look very much forward to share it with everyone who would like, when I get back to Norway.

But if you are one of those hopefull, interested ones, you might not be able to wait for almost a month before you get to really feel theese wonderfull, spicy mouthfulls. That’s why I’m going to share my notes with you right now – hurrah! Here are some metres of recipies, to make your soul fly far away from the cold, dark winter creeping in your window-sils:

(And I am sorry that the recipies mostly are in norwegian – but if you wonder what it meens just send me a comment, and will trancelate)

Recipies from 24.11.09

Vegitable porial

Varm olje i ei wok-gryte
Ha i ein liten neve mustard seeds
12 tørka chilli
ei lita neve black gram dal
lita neve curry leaves
2-3 never hakka raudlauk
1 ½ ts turmeric
Ha i grønsakene: 3 midstore poteter og 4 gulrøtter – skrella og kutta i småbitar, 1kg grøne bønnestenglar, delt i små bitar
1 ss salt
hell over litt vatn
steik i 5 min over medium varme
skru ned og las stå nokre min til
rør inn 2-3 never kokosmasse og la stå vekk frå varmen nokre min


Fish fried

Bruk tre fiskekotelettar av laks eller ørret
Marinade: (ca 1ss av kvar) Ginger garlic paste, chilli powder, turmeric powder, cumin powder, lemon juice, salt
Mariner fiskekotelettane i pasten ca. 30 min
Steik i panne. Ha på litt olje etter nokre min, før du snur. Steik til fisken er gjennomsteikt og saftig

Fish Molly

Bruk 2 fiskekotelettar av laks eller ørret
Marinade: turmeric og salt (med litt sitronsaus eller vatn)
Mariner fisken i ca 30 min, før du steiker den 2-3 min på kvar side

Saus:
1ss kardemommepulver
1ts pepper
2 laubærblad
1 ½ ss nelikk
1ss finhakka ingefær
1-2 heile grøne chilli
2ss grøne erter
2-3 buster blomkål
ca 5 mellomstore auser kokosmjølk
stor klype salt

Kok nokre min og ha i fisken
La stå å godgjere seg over låg varme

Chilli chicken

Ha godt med olje i ei lita wokpanne
Ha i 5 grøne chilli, 3 skiva raudlauk, 1 ss salt, nokre ss soyasaus, ei klype finhakka ingefær, ei klype finhakka kvitlauk, ei klype turmeric og malt pepper, 2 kyllingfiletar i terningar og ca 1 dl vatn
Steik i 10 min
Ha i ein halv paprikka og ei blanding av majsmjøl og vatn (ca 1dl) og fersk koriander
La steike på låg varme nokre min

Chicken masala

Varm ojle i ei djup gryte
Ha i 3-4 grøne chilli og la steike nokre min
Ha i 3 handfuller hakka lauk, 1ss ginger garlic paste, 1ss turmeric powder, 1ss chilli powder, 1ss coriander
Ha i ca 200g hakka tomat, mos dei litt inn i sausen
1 ss salt, litt vatn og 1ss garam masala
Ha i kyllingen og la koke i 15-20 min under lokk på høg varme
skru ned varmen og la stå i fem min
Rør inn fersk koriander og server


Dal Fried

Varm olje i ei gryte.
Ha i 1 liten neve cumin seeds, 1 liten neve kvitlauk, 6 grøne chillli, 1 handfull hakka lauk, ca 250 g tomat, 1ss turmeric, 1 ss salt og la frese nokre min
Ha i 500 g ferdig kokt red gram dal (med vatn) og la fosskoke i 5 min utan lokk
Ha i 1 neve fersk koriander og server

recipies from 25.11.09

Mint pulav

Ha 5-6 ss olje i ei gryte
Bland i 5-6 laubærblad, 1ss nelikk, 1 ss kardemomme, 5 grøne chilli, 5-6 skiva raudlauk, 4ss ginger/gralic paste, 1 neve grovhakka fersk mynte: la frese litt i gryta
Tilsett 1 ½ kg blautlagt ris og bland godt. Steik nokre min medan ein rører ofte
Ha i vatn (dobbel mengde av risen)
Kok under lokk til vatnet har kokt bort

Garlic potatoes

Varm nokre auser olje i ei lita wokpanne
Ha i 1 neve kvitlauk og la steike nokre min
Tilsett 1 ½ ss chilli powder, ½ ts turmeric powder, 1 ½ ss coriander powder
Bland i 8-10 poteter i terningar og 1ss salt
Tilsett 1 dl vatn og kok i 15 min (rør av og til)
Skru ned varmen. Om du lagar ein anna curry (td mushroom masala) kan du ta sausen frå garlic potetene og tilsette i den.
Steik potetene til dei er mjuke og kan delast i litt midre bitar
La stå nokre min å godgjere seg utan varme før servering

mushroom masala

Varm 2 auser olje i ei djup gryte
Ha i 1 grøn chilli, (3-4) finhakka raudlauk
Ha i litt meir olje og la det surre nokre min
Tilsett 1ss ginger/garlic paste, 250g tomat, 1ss garam masala, 1ss chilli powder, 1/4ss turmeric powder, 1 ½ ss koriander powder
(Ha i nokre ss av sausen frå kvitlauks potetene)
1 ss salt og litt vatn
Ha i 500g sopp og 1 paprikka i terninger
Tilsett ca 1 dl vatn og ein neve grøne erter og kok i 15 min under lokk

Chicken kebab

Til 1 kg kylling

Marinade: 100 g maismjøl, 1ss garam masala, 1ss chilli powder, 1ss koriander powder, 1ss cumin seeds, 1ts pepper, ½ ts turmeric, (½ ts orangeraud matfargepulver), 1ss salt.
Rør inn litt vatn og rør til ei tjuktflytande masse. Tlisett 2 ss curd, eit egg og litt sitronsaft.
Bland i kyllingen (delt opp i store terningar) og la ligge å marinere seg ei stund

Fritering: Ha mykje olje i ei wokpanne
Ha kyllingbitane i den kokande oljen ein og ein, og la dei ligge litt før du rører forsiktig, så dei ikkje sett seg fast i kvarandre.
Friter i 3-4 min før du tek dei opp og lar oljen renne av.

Râita (onion and tomato)

Bland saman ca 100g kvar av tomat og raudlauk (i småbitar), 1 finhakka grøn chilli, 1 stor klype fersk koriander, 500 g curd og ½ ss salt.

Sett kald til serveing

The recipies goes for very many people, so if you don’t want to eat the same meal for a week, you might have to cut down on some of the amounts. And yes, you can eat all the dishes in one meal! It’s quite usual to serve a meal with many different curries and a raita together with the rice. So enjoy! And please tell me if you can manage the spice level. I know I used some time to get used to it!

It’s half past ten in the evening and I’m already to tired to be awake. There’s so much happening theese days, that I don’t know where to start telling. So I wont tell to much, except try to sum up some of the most important happenings in my life right now.

In the end of last week we lived with hostfamilies in the vilage area Hoskote for a couple of days, where CSA have an office and some projects running. We visited a pree-school and an activity centre where the school-kids meet in the evening, and we teached the children some norwegian songs and games. It was lots of fun, but also quite challenging to live in a vilage and with a familiy where no one knew our language, and were the culture and ways of living are so different from what we’re used to (both from our life in Norway and in Bangalore).

This week we have started to work more on our projects, at the same time as we have started the preperations for Gracias. I will tell more about theese preperations later, but I can explain now what Gracias is: The children in the activity centre in the slum Rajendranagar, are sponsored by lots of people to be able to get their education. Many of theese sponsores are students at Christ University, and on december 16th the children will be the main preformers in a show hold in the main auditorium at Christ, as a way of thanking their sponsores. Us norwegians are responsible for teaching two numbers (singing and dancing) to some of the kids, and what that will be is still a secret…! What I can tell is that it has taken a lot of our energy and time this week, both to plan what they will do, and also to start teaching them the things we’ve decided. It’s something different to handle twenty children from an Indian slum area, which don’t know our language and our way of leading a group, than what we’re used to from norway. But this is also a lot of fun, though we end up in our livingroom in NGV, exchausted, already at seven in the evening every night.

The rest of the days we’ve spent on dancing lessons (also for Gracias – though this is only us norwegians and german Isa’s prefomance), and cooking classes – which are both very fun (especially the lunch part of the cooking class). And we are also trying to pick up our projects where we left them when we started to get tired of working the last time.

We’re only three and a half week away from leaving this warm and colourfull country. This totaly different world, that I’m actually starting to feel quite familliar with and homely in. Though there are some warm, reliving winds running through my body when I think of it, it’s also very strange and difficult to imagine snow, church bells and christmast eve in Norway, only a couple of weeks away. So I try not to think to much about it. Right now I’m still here, and I want to enjoy every second of this last period, and pick up every litle bit of new knowledge from my surrondings. So when I get home, I can still look into my heart and head and find “the Indian ways”, whenever I want.

This weekend we’re going to Kerala for a wedding, together with Vandana which got us invited (huge thanks to her!). I’m really looking forward to wear my own blue sari in a real Kerala-wedding, and get my ‘over twenty something’ gravies served on a banana-leaf. And I’m also very happy about our plan to visit a beach. It’s been over two months since the last time I could see the ocean (and I don’t think that’s ever happened to me before!). When we come back we’re moving in with host families, and I’m really curious on how that will turn out. My prejudgements tells me that it will be a very nice and interesting experience.

There is very much to look forward to, and with that fact cleared, I say good night and sweet dreams!

For ei veke sidan vakna eg i grålysinga av ein gjevn dur av småsnakk og fnising. 26 ungar haldt på å vakne etter ei kald natt på hardt murgolv. Eg sneik meg stilt og usett ut ei tung tredør, og blei møtt av ein kjølig, liten morgonvind frå eit hav av tretoppar. Framfor meg låg eit lite jungelparadis av indisk skogsnatur, spreidd over små fjelltoppar bygd opp av kampesteinar. Ein gong for lenge sidan hadde nok heile dette område vore eit einaste stort vulkanutbrot – tenkte eg for meg sjølv – som kasta steinar hit og dit, og lot dei lande på dei merkelegaste stadar. Når eg då skoda utover i halvmørkret sto steinane som små troll og vippa heilt på tuppen av fjelltoppane, og dei såg ut som dei akkurat hadde byrja å vakne til, ettersom solstrålar etterkvart byrja å spegle seg i den orange granitten.

4052435577_0f0e23511b_o

Ei lita stund vart eg sittjande der i stillheia, berre forstyrra av fuglekvitter og apekranglar frå skogdjupet, medan himmelen vart blåare og skogen grønare. Plutseleg slo dørene opp bak meg og eit hav småtrøytte men glade ungar kom veltande ut, viftande med tannbørstar og handkle, klare for morgonvasken. Eg vart raskt kalla tilbake til røynda. Eg var jo ikkje der i skogen for å meditere, eg var jo der for å leike og observere og delta! Eg var der som frivillig for organisasjonen «dream a dream». I samarbeid med «the adventurers» arrangerte «dream a dream» desse dagane ein to-dagars-camp i eit regnskogsområde i Karnataka, for ei skuleklasse frå Bangalore. Og kven var vel ikkje betre å ha med som frivillige enn to språkforvirra nordmen, med null erfaringar eller forventningar til det heile!? Alt vi visste frå før var at «dream a dream» er ein frivilligheitsorganisasjon som til dagleg arrangerer diverse fritidsleikar, sport og kreative verkstader, i tilegg til eit slags støttekontaktopplegg, for barn med vanskelege levekår – og at deira grunntanke er å utvikle betre «lifeskils» hos desse barna. Eit av desse opplegga var denne “villmarks-skulen», der barna, igjennom å møte utfordringar av heilt nytt kaliber, fekk moglegheit til å tilegne seg kunnskapar i kommunikasjon, lederskap og konfliktløysing, og utvikle større sjølvtillit og evne til initiativtaking, kjensleskildring osb.

4053185154_5144eeda93_o

Eg studerte ungane, medan dei sprang etter dei unge leiarane sine, delt i fire grupper med namn dei sjølv hadde bestemt og stolt presentert dagen i forvegen. Tigrar, kongar, kaniner og sebraer blanda seg saman i klynger av jenter og gutar, og snakka høgt og lågt, glade eller litt irriterte til kvarandre. Nokre stoppa nyfikne der eg satt og spurte forsiktig og smilande om namnet mitt, før dei sprang vidare, med latter og artige kommentarar på eit språk eg umogleg kunne forstå uansett kor hardt eg prøvde og ville. Eg hadde fått vite av campleiar Nomito Kamdar – ei særs tøff og kunnskapsrik dame, med ein fasinerande autoritær energi – at barna i campen kom frå lågare middelklasse, frå heimar med ganske vanskelege økonomiske situasjonar, og gjerne var busette i slumområde. Dei fleste hadde nok aldri hatt så mykje anna enn storbyen Bangalore rundt seg før, og nokre hadde kanskje ikkje sove borte frå familien sin eller ete annan mat enn den dei fekk heime før heller. Desse to dagane i vilmarka baud altså, mest sansynleg, på store utfordingar for mange av ni- og tiåringane som no hoppa rundt på stigen nedover mot hovudhuset. Men vaske seg skulle dei i alle fall gjere ganske i kjendt stil – i vatn frå krana ved grua. Og etter vasken var det tid for frukost. Ris i ei eller anna (for oss) ukjendt form med godt søta kardemomme-mjølk å drikke skulle konsumerast i store mengder (og alt skulle etast opp), for vi trengte alle mykje energi. Vi skulle nemleg på fjelltur!

Dagen før hadde i stor grad gått med på å følgje etter barna, prøve å forstå og delta i leikane og aktivitetane dei vart utforda med, og berre finne våra plass i mylderet av ukjende uttrykk og barnleg energi. Eg gledde meg stort til måtte gjere ein meir fysisk innsats denne dagen, som eit slags uttrykk for alle tankane og refleksjonane det siste døgnet hadde gjeve meg. Og sidan det å gå på fjellet er noko eg er van med frå Noreg, såg eg fram til å endeleg få gjere noko kjendt igjen, skjønt på ein ny måte. Omringa av den nydelege, luftreine naturen la vi ut frå campområdet – to og to, hand i hand – med sekkar på ryggen og store vannflasker i hendene, for å klatre opp på eit av dei fine granittfjella eg hadde brukt morgonen på å studere frå lågare hald. Sjølv om vi byrja ganske tidleg sto sola allereie høgt på den skyfrie himmelen, og eg takka min snare tanke høglytt for å ha hugsa å ta med solkrem og solbriller. Dagen kom til å bli gloheit.

I løpet av nokre timar, med hyppige stopp for å klatre på steinar, lære om naturen eller om det rare landet dei to kvite menneska kom frå, få ny peanøtt- og kjeksenergi eller berre for å ta av seg skoa, fordi dei var glatte og ukomfortable i fjellterenget, hadde vi endeleg greid å myldre oss opp på eit platå. Der fann vi ein liten landsby og ein kafe der ungane fekk slenge frå seg sekkane sine. Siste etappe av turen gjekk langs ein bilveg omringa av bananpalmar og dyrka mark, og oppe på toppen kunne vi skimte noko som minna om eit tempel. Ungane byrja å bli slitne og litt kranglette, men dei fleste gjekk framleis på som heltar. Vi ville alle nå den heilage kjensla av meistring som venta oss der oppe, og hos mange kunne ein kjenne korleis iveren vart større di lengre opp vi kom og di brattare det vart. Sjølv hadde eg observert mange steinruinar langs stigen på veg oppover, og når vi no gjekk over store, ubeskytta svaberg fulle av (det vi i noreg ville kalla) hellerisningar, på veg mot noko eg etterkvart fekk bekrefta var eit hindu-tempel, kom spørsmåla til meg om kvifor i alle dagar dette ikkje var eit meir (over)beskytta naturområde? Nomito svara raskt på spørsmålet mitt utan at eg trengde å spørre: Heile India er så fullt av slike kulturskattar, at om ein skulle skydde det (på same måte som vi skyddar hellerisningar i Noreg) ville det vore ganske få frie naturområde igjen. Likevel uttrykte ho si misnøye mot staten si motvilje når det kom til å beskytte diverse vakre naturområde og regnskogar mot trafikk og utbygging – sjølv når eigne organisasjonar tilbaud seg å ordne alt det praktiske.

Det skal liksom ikkje vere så lett å få si stemme haurd i India kan det ofte verke som. Da må ein rope høgt – særs høgt – og så skadar det sjølvsagt ikkje å vere bollywood-skodespelar i tilegg.

4053207450_ac95d5ab15_o

Så nådde vi endeleg toppen. Under oss låg eit hav av jungelskog, fylte av aper og kokosnøtter. Nokre stadar der nede låg små flekkar av landsbygder, omringa av lappetepper i ulik grønskala, og ut frå skogen tårna dei små vulkanstein-toppane opp, her og der. Min vulkansterke mistanke var i løpet av dagen blitt bekrefta av ei all-vitande Nomito, og eg lot raskt fantasien springe av stad der eg sto og beundra det innbydande synet, med draumar om indiske tussar og troll leikande i djupet av steinmylderet, i selskap med kongekobraer og tusen ulike maurtypar. Eg kjende meg med eitt så fri, langt vekk frå eksos og søppel, og eg fekk lyst å syngje høgt. Eit improvisert, fritt, magisk kjenslekvad av alt eg hadde kjend på av nytt, skummelt, rart, mystisk, herleg og søtleg forvirrande den siste månaden surra rundt i kroppen min som ein stor, farerik fivreld. Men eg tok meg i det. I staden kjendte eg godt etter på den kitlande kjensla av glede i magen, medan eg gomla på ein bit groundnutcake (Nomito’s beløning til oss alle), og lytta til det vesle (men byrjande) ungane greidde å formidle av kjenslene sine, der dei satt i sirkel på steingrunnen, alle i perfekt innøvd lotusstilling.

4052466449_d83afb67f7_o

Det gjekk sakte nedover igjen. Tinga roa seg vel litt i meg, samtidig som andre magekriblingar tok over for den verste kitlinga. Eg byrja å bli svolten. Før vi sette oss i bussen som skulle tute oss vekk frå dette magiske fjellet, skulle vi ete middag i eit tempel i landsbygda vi hadde passert tidlegare. Dette var ikkje eit slikt mystisk, lite ape-tempel som det vi hadde funne på toppen av fjellet, men eit stort, ope rom med matter på golvet, der mennesker med sarier og pynt i alle fargar og fasongar kom strøymande til for å få eit måltid servert av prestane sjølv. Jostein bemerka korleis det heile på underleg vis såg ut som ein slags «mate-fabrikk», då folk sette seg ned i lange rekker, fekk utdelt eit fat og ein kopp kvar, før vi vart forsynte med mat ut av bøtter som prestane raskt og systematisert kom rundt med: Ein haug ris, ei ause saus, nokre bønner – ET FORT, reis deg og gå. Og hugs å vaske fingrane i det rennande vatnet utanfor, både før og etter maten, for dei skal du jo bruke til å ete med (!). Eg fann meg sjølv undrande, sittjande å plukke i meg risen i dette merkelege ritualet, men kom meg aldri så langt som til å spørre kva slags opplegg dette var, før vi alle, barn og frivillige, blei skynda ut i bussen – og måtte vinke Nomito, våra einaste engelsktalande kjelde «hadebra!», frå bussvindauget. Så suste vi av garde mot kjende grender igjen, medan barna fall saman i store søvnhaugar på buss-seta.

4053210666_7e47f4c8eb_o

Det gjorde forresten eg også. Eg drøymte om vulkanfjell, slangar og ein bortgøymt leikeplass i ein indisk medisinskog.

(alle bileter er teke av med-fredskorpsar Jostein Berre Eliassen. Tusen takk, du er flink! For fleire India-bileter følg superlinken)

Neste side »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.